Oddmund Løkensgard Hoel
- Denne artikkelen handlar om Hoel frå Senterpartiet. For Hoel frå Venstre, sjå Oddmund Hoel.
Oddmund Løkensgard Hoel | |||
| |||
Fødd | 8. november 1968 (56 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | lingvist, politikar, redaktør | ||
Institusjonar | Høgskulen på Vestlandet | ||
Utdanna ved | Det humanistiske fakultet | ||
Mor | Torlaug Løkensgard Hoel | ||
Alle verv |
|
Oddmund Løkensgard Hoel (fødd 8. november 1968) er ein norsk språkforskar og forfattar, og dessutan politikar for Senterpartiet. Han er forskings- og høgare utdanningsminister i regjeringa Støre frå 23. januar 2024.[1][2]
Hoel var leiar i Noregs Mållag i perioden mellom 1999 og 2002.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Hoel er utdanna cand.philol. med nordisk hovudfag og skreiv hovudoppgåva Nasjonalisme i norsk målstrid 1848–1865 (1996). Hoel har vore forlagsredaktør i Det Norske Samlaget 1996–2000, og hadde ansvar for lærebøker for høgare utdanning (humaniora), ordbøker og språkteknologi.
Hoel var doktorgradsstipendiat i historie ved Høgskulen i Volda 2003–2007, og tok doktorgraden (ph.d) i historie i 2009, med doktoravhandlinga Målreising og modernisering i Noreg 1885–1940. Han har sidan 2007 vore tilsett som høgskulelektor/førsteamanuensis ved Avdeling for samfunnsfag, Høgskulen i Sogn og Fjordane, frå 2017 Høgskulen på Vestlandet.
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Hoel var kommunestyrerepresentant i Luster kommune 2019–2023. I oktober 2021 vart han tilsett i Kunnskapsdepartementet som statssekretær for Ola Borten Moe, og seinare Sandra Borch. Den 23. januar 2024 vart han sjølv utnemnd til forskings- og høgare utdanningsminister i regjeringa Støre, etter at Borch gjekk av som statsråd.[1][3]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1996 – Nasjonalisme i norsk målstrid 1848-1865 (Oslo: Norges forskningsråd). ISBN 8212006956 I fulltekst ved nb.no [Serie: KULTs skriftserie nr. 51]
- 2003 – Studentar i målstrid : Studentmållaget i Oslo 1900-2000 (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-5698-3 I fulltekst ved nb.no [Forfattarar: Olaf Almenningen, Oddmund Løkensgard Hoel, Geir Martin Pilskog, Håvard Tangen]
- 2006 – Då Noregs mållag vart skipa : referat frå Målmannsstemna 4.-5. februar 1906 (Oslo: Noregs mållag). ISBN 8273390535
- 2010 – Jostedal kyrkje : fakta, segn og soge gjennom 350 år (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-153-5 [Av: Kåre Øvregard, Asbjørg Ormberg & Oddmund Løkensgard Hoel]
- 2011 – Norsk målreising. II . Mål og modernisering 1868-1940 (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-7446-5 [Bygger på forfattaren si avhandling (ph.d.) - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Trondheim, 2009 med tittel: Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940]
- 2014 – Med påhalden penn? : 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark (Oslo: Novus). ISBN 978-82-7099-761-9 [Red.: Jens Johan Hyvik, Oddmund L. Hoel og Harald Krøvel]
I bøker - eit utval
[endre | endre wikiteksten]- 1998 – Jakten på det norske : perspektiver på utviklingen av en norsk nasjonal identitet på 1800-tallet (Oslo: Ad notam Gyldendal). ISBN 82-417-0952-8 I fulltekst ved nb.no [Red.: Øystein Sørensen. Av innhaldet: Ivar Aasen som opposisjonell nasjonalist / Oddmund Løkensgard Hoel, s. 303-320]
- 2005 – Lokale røyster i 1905 : unionsoppløysinga i aviser på Nord-Vestlandet (Volda: Høgskulen i Volda). ISBN 82-7661-228-8 I fulltekst ved nb.no [Red.: Kari A. Hasle, Jens Johan Hyvik, Harald E. Tafjord. Av innhaldet: 1905 i Sogn / Oddmund Løkensgard Hoel]
- 2013 – 'Der var ruskut å leggja utpå' : ti år med mastergraden i nynorsk skriftkultur (Oslo: Novus). ISBN 978-82-7099-716-9 [Red.: Jens Johan Hyvik og Stephen Walton. Av innhaldet: Eit maskulint prosjekt? : kjønnsperspektiv på målreisinga 1885-1940 / Oddmund Løkensgard Hoel, s. 83-100]
- 2017 – Fjordfylket på nye vegar, 1875-1945 (Bergen: Fagbokforlaget). ISBN 9788245019162 [Soga om Sogn og Fjordane, band tre]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Arkivert 2020-06-17 ved Wayback Machine.
- Nettstaden til Oddmund Løkensgard Hoel
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Espen Alnes; Ola Mjaaland; Kristian Skårdalsmo & Julianne Flølo. «Oddmund Løkensgard Hoel utnemnd til ny statsråd». NRK. Henta 23. januar 2024.
- ↑ «Endringar i regjeringa». Regjeringen. Henta 23. januar 2024.
- ↑ «Forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp)». Kunnskapsdepartementet. Henta 23. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Oddmund Løkensgard Hoel i Høgskulen på Vestlandet.
- Oddmund Løkensgard Hoel sin eigen nettstad.
- Hoel i tidsskrift - eit utval ved Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane.